Wednesday, November 23, 2005
http://www.umassmed.edu/cfm/bibliography/index2.cfm
Tuesday, November 15, 2005
Innleveringsoppgåve 4
Vurdering av loggskriving som fagleg praksis.
Kva har eg fått ut av dette? / Kva verdi har ein slik arbeidspraksis?
Først og fremst har loggen fungert som eit arkiv for mine private notat og tankar. Eg får veldig mange forskjellige tankar og idear innan mange felt i løpet av ein dag. Om eg ikkje fastnar dei til noko varig så har dei ein tendens til å forsvinne. Bloggen har så å seie vore biletealbum der tankane mine er utstilt slik dei har vore på ulike dagar. Det har vore særskildt nyttig å lese ein artikkel og så skrive det eg hugsar på bloggen rett etterpå. Så slepp eg å lese heile artikkelen på nytt når eg skal bruke den som kjelde i sjølve den faglege teksten min. Eg har dessutan enkelt kunne referere til ei nettside overfor folk som er interessert, og så kan dei som vi lsetje seg inn i arbeidet mitt og komme med kommentarar.
Kva kunne eg gjort annleis?
Meir kontinuitet hadde vore betre. Om eg hadde hatt meir tid til artikkelen, så kunne eg lagt inn minst ein post kvar dag. Då ville eg heldt meg meir ”inne i” arbeidet til ei kvar tid. No vart det litt inn og ut og skippertak.
Paradigme og fagkultur
Hva vil du trekke fram som kjennetegn på en ”fagkultur”, og hva mener Kuhn med ”paradigme”? På hvilke måter har disse to begrepene noe til felles?
Fagkultur
Fagkultur er det vitskaplege fellesskapet som ein vitskapsmann/kvinne er ein del av. Dette fellesskapet er kjenneteikna av felles oppfatningar som legg føringar for korleis det vitskaplege arbeidet skal foregå. To svært sentrale felles oppfatningar som ein fagkultur deler er faget sin ontologi og epistemologi. Det vil seie KVA ein skal studere (studieobjekta) og KORLEIS ein tilegnar seg ny kunnskap. I klinisk psykologi er dei fleste fagfolk einige om at studieobjekta er menneskelege tankar, kjensler og atferd, og gullstandarden når det gjeld tilegning av kunnskap er randomiserte kontrollerte studier.
Fagkulturen vil dessutan ha ei fellesoppfatning av kva problemstillingar som er relevante å undersøkje, kva hypoteser det er fornuftig å teste. ”Korleis kan ein endre kjøpeatferden til unge menn” kan vere ei relevant problemstilling i marknadsføringspsykologi eller sosialpsykologi, men den vil vere relativt uinteressant for kliniske psykologar. ”Deprimerte middeladrende kvinner responderer betre på kognitiv atferdsterapi enn på psykoanalytisk terapi” vil vere ei svært interessant hypotese i klinisk psykologi, men ikkje i t.d. sportspsykologi. Ein kan kanskje seie at ein fagkultur byggjast rundt felles interesse.
Paradigme
Kuhn snakkar om ”allment anerkjente vitenskaplige prestasjoner” som sentrale når han definerer sitt paradigmeomgrep. Desse prestasjonane fungerar i ein periode som modellar for problem og løysingar innanfor eit forskingsfellesskap. For meg ser dette forskingsfellesskapet ut til å likne ganske mykje på omgrepet ”fagkultur”. Så her er ein mogleg link mellom fagkultur og paradigme. Ein måte å tolke Kuhn på er at Paradigmet definerast av dei vitskaplege prestasjonane, som etter kvart innarbeidast i ein fagkultur og blir til allmenne oppfatningar som forskingsfellesskapet har til felles. Altså at paradigmet utløysast av vitskaplege prestasjonar, at i etableringsfasen av eit nytt paradigme er desse veldig sentrale modellar for korleis forskinga skal foregå, men etter kvart som paradigme stabiliserer seg vil dei vitskaplege prestasjonane komme meir i bakgrunnen, fordi dei felles oppfatningane som har blitt avleda av desse no er blitt innarbeida i forskingsfellesskapet eller fagkulturen.
Tuesday, November 08, 2005
No har eg ei relativ okei innleiing som nesten er ferdig. Vidare har eg Ei utgreiing av MBCT som er god. GAD-behandlingsutgreiinga er ikkje så god. Den er vanskeleg å forstå, og eg trur det er litt fordi eg sjølv synest dei er vanskelege å forstå. Men avsnittet fungerer forsåvidt..
Kva meir skal eg ha med?
Hayes med sin ACT? Linehan med sin dialektiske terapi? Kva med Kabat-Zinn som er sjølve gudfaren her? Har eg godt nok stoff på hans teoretiske fundament?
Tuesday, October 25, 2005
Følgjande link er veldig fin: http://www.vipassana.com/meditation/mindfulness_in_plain_english.php
Og så har Flanoer1 svart meg med dette fine innspelet:
Lurer på om det var Chögyam Trungpa som først benytta seg av uttrykket ”mindfulness” for å beskrive ”typisk buddhistisk meditasjon”*. Vanlige oversettelser har tidligere, og også senere, vært ting som ”calm abiding” (shamatha) ”calm abiding and penetrative insight” (shamatha & vipashyana under ett.) ”penetrative insight” er vipashyana her), ”dwelling in peace” (igjen, i hvert fall hovedsakelig, shamatha) osv. ”Mindfulness” er veldig ”down to earth” i denne sammenhengen, noe som vel må sies å være en styrke ved denne oversettelsen av ordet.
Jeg kan lite sanskrit, men de tibetanske ekvivalentene er basert på de opprinnelige sanskritordene og søker å formidle betydningen av disse så presist som mulig i tibetansk språkdrakt. Ordet for vipashyana (vipashyana er sanskrit, vipassana er pali.) er lhakthong [Lhag.mThong]: ”Lhak means superior, greater or further. Thong means seen, seeing. It could also mean ”experiencing” or – witnessing”. So the definition of lhakthong is seeing clearly, or “seeing further”, which is traditionally translated as “insight”. … There is a difference between the terms “imindfulness” and “awareness”. Shamtha is the practice of mindfulness, vipashyana is the practice of awareness.” (Trungpa)
”Men mindfulness har ikkje avslapping som spesifikt mål.” Fint at du er klar over dette (her er det ofte mange misforståelser). Du ser ut til å ha en god forståelse for hva ”essensen” i slik meditasjon er, og kildematerialet virker interessant og godt.
Du skriver:
Vidare deler han inn i to hovudtypar:
1. Konsentrasjonsmeditasjon
2. Mindfulness meditasjon (denne blir også omtala som "awareness" meditation, men i ein fotnote presiserer han at praktisering av mindfulness ideelt set fører til større "awareness")
Dette har du hentet fra Kabat-Zinn. #1 her vil være shamatha, og #2 blir vipashyana. Disse praktiseres parvis, eller som en _integrert helhet_, hvor shamatha er det som _muliggjør_ vipashyana. Som KZ også ser ut til å fremstille det, er konsentrasjonen kun for en ”stepping stone” å regne, og i konteksten av vipashyanameditasjon ikke noe mål i seg selv. Man går også tilbake til #1 igjen ved behov under samme ”sitting”.
Sunday, October 23, 2005
Denne helga har eg jobba steingodt, mange EFFEKTIVE, intense og veldig gode arbeidstimar med beinard skriving. Eg var ganske godt nøgd med produktet også. MEN kva skjedde? Jo, ein liten glipp gjorde at eg vart sitjande å jobbe mot eit dokument i ein temporær katalog. Når eg i ein heilt annan setting fekk spm om sletting av ubrukelege temporære filer sa eg sjølvsagt ja, og WÆMBÆNG så var det gjort.
Einaste meininga eg ser med den hendinga er at Ivar og Alicia gav meg ein lang klem.
http://www.dhamma.org/art.htm
oj! Der var den på norsk og gitt!
http://www.no.dhamma.org/files/livskunst_print.html
San Fransisco området; det er DER ein skulle budd!
Saturday, October 22, 2005
Monday, October 17, 2005
den funkar faktisk jækla bra. tar i allefall alt av psycinfo og pubmed ser det ut til.
Wednesday, October 12, 2005
Pubmed
- 1980: 0
1. jan 1980 - 1.jan 1990: 7 (berre to i samme tidsskrift, MANGE fagkulturar repr.)
2. jan 1990 - 1.jan 2000: 13 (framleis eit virvar av ulike tidsskrift)
2. jan 2000 - 12. okt 2005: 67 (7 ifrå Psychos Med, og ellers 3-4 andre tidsskrift med 3-4 kvar)
Psycinfo
"(mindfulness in ti) and (DT:PSYI = PEER-REVIEWED-JOURNAL) and (PY:PSYI= 19##-19##)"
1806 - 1979: 1
1980 - 1990: 16 (veldig mange forskjellige kjelder)
1991 - 2000: 25 (veldig mange forskjellige kjelder)
2000 - 2005: 114
Av dei 114 mel 2000 og 2005, er fordelinga på tidsskrift slik:
15 Clinical-Psychology-Science-and-Practice
9 Psychosomatic-Medicine
6 Constructivism-in-the-Human-Sciences
4 Cognitive-and-Behavioral-Practice
6 Families,-Systems-and-Health
5 Journal-of-Social-Issues (temanummer vol.1 2000. m /Langer&Sternberg m.a..
SDer ut til å representere eit alternativ konstrukt med namn mindfulness)
Thursday, October 06, 2005
Jon Kabat-Zinn(1982): An outpatient program in behavioral medicine for chronic pain patients based on the practice of mindfulness meditation: Theoretical considerations and preliminary results
Denne artikkelen ser ut til å vere ein av dei første artiklane på mindfulness som behandlingsmetode, og det er veldig mange som brukar han som referanse. Det som er mest interessant for meg er den gode gjennomgangen han har av mindfulness meditation (han har ein eigen seksjon som veldig konsentrert men tydeleg og oversiktleg tar for seg opphav/historie, samt hovudtrekka i metoden. Veldig mykje bra her til ei generell forklaring av mindfulness i innleiinga i min artikkel. Han byrjar med meditasjon generelt og definerer dette som: "the intentional selfregulation of attention from moment to moment [modified from Goleman and Schwartz, (5)]." Vidare seier han at "It is neither contemplation nor rumination, as in thinking about a conceptual theme." Dette med konseptuell tenking kjenner eg igjen hjå TEasdale, som brukar det som eit av kjenneteikna på den "drøvtyggjande" grublinga som kjenneteiknar depresjon/tankemodus som kan føre til relapse. Vidare deler han inn i to hovudtypar:
- Konsentrasjonsmeditasjon
- Mindfulness meditasjon (denne blir også omtala som "awareness" meditation, men i ein fotnote presiserer han at praktisering av mindfulness ideelt set fører til større "awareness")
Eg reknar med at dette er samme inndeling som Turid namgjer som fortengjande/ikkje-fortrengjande meditasjonsteknikkar.
K-Z seier vidare at Mindfulness meditasjon forutsetter konsentrasjon for å opprethalde stødig merksemd (steady attention). Dette overraska meg litt når eg las det, for det høyrest jo ut som om det er konsentrasjonsmeditasjon det då er snakk om. Men så klargjer han: Det er ikkje snakk om konsentrasjon på eit objekt, men "detached" observasjon, frå eit augneblunk til det neste, av det konstant endrande objektfeltet. Dette oppnår ein ved først å fokusere på eit primært objekt (som regel pusten) til merksemda er relativt stabil; deretter tillet ein medvitets objektfelt å utvide seg gradvis til å inkludere, i ytterste innstans, alle fysiske og mentale hendingar - kroppslege sensasjonar, tankar, minner, kjensler, persepsjonar, intuisjonar, fantasiar - akkurat slik dei hender i tida. Altså ein konsentrasjon om akkurat no, som ikkje klistrar seg fast til opplevingane, men lar dei flyte fritt som dei vil. (Eg meinar å ha lest i BAer sin review-artikkel at Linehan brukar ein "conveyorbelt" (er ikkje det samleband?)-metafor som visualisering av dette. Altså at den mediterande skal sjå for seg at dei mentale hendingane kjem på eit samleband bortover og forsvinn gradvis ut av syne utan at vi kan kontrollere det. Ein annan metafor eg har lest er ein marsjerande armé, der tankane står skreve på lappar på ryggen til den soldaten som går forbi. Dei kjem og går utanfor vår kontroll.
"Detached" er måten ein skal praktisere merksemda på, og i ein fotnote karakteriserer K-Z dette omgrepet med intensjonelt å unngå dømming og tolking, eller evt å vere klar over (be aware) dømming, tolking og kategorisering når dette førekjem. Dette, understrekar han, er ikkje mangel på empati eller patologisk tilbaketrekning. At han har med siste kommentar er litt interessant, for det er første gong eg ser at ein forfattar har kjent behovet for å understreke dette. Eg kan tenke meg at dette er fordi dette var ein av dei første artiklane på mindfulness, og at etterkvart som aksepten har vekse, så har denne føresetnaden sklidd inn og blitt ein del av fellesoppfatninga i fagkulturen.
Wednesday, October 05, 2005
In the last 20 years, mindfulness has become the focus of considerable attention for a large community of clinicians and, to a lesser extent, empirical psychology. Mindfulness has been described as a process of bringing a certain quality of attention to moment-by-moment experience (Kabat-Zinn, 1990). The capacity to evoke mindfulness ostensibly is developed using various meditation techniques that originate from Buddhist spiritual practices (Hanh, 1976). Mindfulness in Buddhist traditions occupies a central role in a system that was developed as a path leading to the cessation of personal suffering (Thera, 1962; Silananda, 1990). Mindfulness in contemporary psychology has been adopted as an approach for increasing awareness and responding skillfully to mental processes that contribute to emotional distress and maladaptive behavior
joda. fint saght. Men eg orkar ikkje gå inn i den operasjonelle definisjonen. SOm er to-delt.
Denne artikkelen er ei veldig godt utgangspunkt for å få oversikt. Det er så vidt eg
kjenner til den einaste review-artrikkelen innanfor den nye tredje bølgja. Ho har ein del
som heiter "conceptual approaches: how mindfulness-based skills may help", der ho nettopp
ser på det eg skal skrive om, på ein overfladisk men oversiktleg og tydeleg måte. Mykje av
det som står er stoff som eg nettopp har lest, og det er godt å lese at eg får kjensla av å
ha forstått mange modellar og teoriar på samme måte som ho.
Ho deler inn i fem kategoriar: 1) Eksponering, 2) Kognitiv endring, 3) self-management, 4)
Avlsapping, og 5) Aksept.
1. Eksponering
Denne er litt stilig. SJølv har eg ikkje vore så mykje borti den så langt. Kabat-Zinn har
behandla pasientar med kronisk smerte m MBSR (mindfulness-based stress reduction), og
instruerer pasientar som mediterer ikkje å skifte stilling når musklar og ledd blir støle og
smertefulle. Istadenfor skal ein OBSERVERE smerten, samt kognisjonar ("dette er
uuthaldeleg") og "urges" (til å sifte stilling) på ein ikkje-dømmande måte. Kabat-Zinn
(1982) henvdar at dette fører til desensitisering, altså at smerteopplevinga vil avta. Han
meinar også at dette kan gjelde angst. Linehan (1993a+b) ser på Borderline-pasientar som
emosjonsfobiske. Dette vil seie at dei ikkje greier å vere i tilstander med emosjonar over
lang tid, og tyr til lite adaptive unnvikelsesstrategiar for å sleppe unna. Ho meinar at
langvarig observasjon av noverande tankar og kjensler utan å forsøke å unnvike dei fungerer
desensitiserande. --> mindfulness kan føre til betre toleranse mot tilstandar av negativ
affekt, samt betre mestringsevna.
2. Kognitiv endring.
Her var det mykje kjent. I denne kategorien legg Baer endringar i tankemønster+ haldningar
til eigne tankar. Sjølv ville eg vel kanskje leggje til tankeMODUS også. Her referererer
ho til Kabat-Zinn sitt flotte sitat (ho siterer ikkje han, men skriv om og eg er ganske så
sikker på at det er samme sekvens pga innhaldet). Det er snakk om kor fint det er å innsjå
at tankar berre er tankar, og at dei ikkje ER pasienten, eller reflekterer den reelle verda.
Linehan argumenterer på ein veldig lik måte. Teasdeale og gutta er også nemnt, og som vi
allerede veit, meinar dei at den uheldige "drøvtyggjarmodusen", eller "DOING", lett fører
til eksalerande negative tankemønster og relapse. Mindfullness representerer då ein
alternativ modus å vere i.
3. Self management (kva skal eg oversetje management med?)
Dette inneber betre evne til å nyttiggjere seg adaptive mestringsstrategiar som eit resultat av at ein er sensitiv og merksam til sine eigne stress/smerte responsar (altså nonavoidance). Kisteller&Hallett (1999) (elevar av Kabat-Zinn trur eg) meinar at Binge-eaters (overspiserar -spiseforstyrrelsar) blir betre til å kjenne når dei er mett.
4. Avslapping
Dette er ein sekundær effekt, som særleg er god mot stress. Men mindfulness har ikkje avslapping som spesifikt mål, det finst mange andre teknikkar som er vel så gode til det.
5. Aksept
Hayes er jo den store her. Han meinar at empiri-fokuserte klinikarar er for fokusert på å ENDRE dei negative symptoma til å innsjå kor viktig AKSEPTen av eigen historie, tilstand og emosjonar er.
Det blir meir og meir klart for meg at både Hayes, Kabat-Zinn, Linehan, Teasdale og dei andre som er inne på dette snakkar meir eller mindre om dei samme tilstandane og fenomena. Det ser ut til å vere ein liten skog av modellar/terapi/intervensjonsoppleg/omgrep osv som florerer rundt meir eller mindre samme greie. Kanskje er det nettopp dette den artikkelen som foreslår ein operasjonell definisjon av mindfulness tar for seg. Det skal bli spanande å sjå.
sjekk ut
Tuesday, October 04, 2005
I introen argumenterer dei for at atferdsterapien har gått igjennom to fasar (1. når læriongspsykologien slo igjennom med fokus på læringsprinsipp, 2. Når den kognitive revolusjonen kom og alt vart kognitivt), og at den no er iferd med å gli over i den tredje, som kjenneteiknast ved integrering av element som dialektisk filosofi, mindfulness, aksept, relationship & spiritualitet. Til sist i kapittelet skriv dei dessutan at det ser ut til at den nye bølgja karakteriserast av at den som tidlegare atferdsterapi er grunnfesta i eksperimentell/empirisk psykologi, men at den har eit fokus på non-language strategiar.
Det interessante er at MBCT ser ut til å ha blitt utvikla på grunnlag av eit behov som ein fann i teoretisk gjennomgang av CBT. Altså det er ein teoribasert behandlingsmodell. Forfattarane fann eit behov for behandling som førte til "desentrering" (meir om dette seinare), og såg mot Kabat-Zinn sitt mindfulness omgrep til hjelp. Etter å ha oppsøkt Kabat-Zinn og vore med på og gått inn i samarbeid med han; utarbeida dei sin modell.
Dei har ein modell for kognitiv sårbarhet overfor tilbakefall (relapse) i depresjon som går ut på at pasientar som har hatt ein major depr episode vil ha utvikla repeterte assosiasjonar mellom dårleg humør og negative, sjølvkritiske og håplause tenkemønster som fører til både kognitive og nevrale endringar som gjer dei annleis enn folk som ikkje har hatt major depr episode. Når dei blir utsatt for ein periode med dårleg humør/trist stemning, så vil dei som tidlegare ha hatt MD episode ha ein tendens til å falle inn i sjølv-opprethaldande og eskalerande "drøvtyggjande"/grublande tankemodusar, som lett fører dei inn i ein ny stor depressiv episode. Det er altså det som skjer når ein blir utsatt for normal nedsving i humør som er kritisk. Her skjer det saker og ting hjå dei med kogn sårbarhet overfor relapse, som fører dei nedover i depresjonen.
Kva er så naturen til desse tankemønstera som så lett blir reetablert? Jo, det er snakk om både derpresjonsrelatert INNHALD, og PROSESS. Tradisjonell CBT har som mål å endre innhaldet. Forfattarane meinar at CBT hindrar relapse ved at ein endrar forholdet pasientan har til sine depressive tankar og kjensler; dei etablerer eit meir "desentrert" forhold. Dette er og ein nøkkelkomponent i mindfulness, og godt illustrert med eit sitat frå minfulness-gudfar Kabat-Zinn: "It is remarkable how liberating it feels to be able to see that your thoughts are just thoughts and not "you" or "reality". ...The simple act of recognizing your thoughts as thoughts can free you from the distorted reality they often create and allow for more clear-sightedness and a greater sense of manageability in your life" (Kabat-Zinn, 1990, 69-70)
Når det gjeld PROSESS, så er det slik meinar dei at relapse-orientert drpøvtyggjande prosesseringsmodus av depresjonsrelatert innhald er karakterisert av eit KONSEPTUELT FOKUSNIVÅ ("thinking about"). Dette konseptuelle fokuset er retta mot diskrepansen mellom noverande og ynskja tilstand hjå seg sjølv og verda. Vidare har denne modusen som mål å identifisere handlingar som kan redusere denne diskrepansen. Denne prosesseringsmodusen kan ein kalle for "DOING".
Denne kognitive modusen er uheldig, og det er difor attraktivt å finne alternative modusar for pasientane å vere i og å prosessere depresjonsrelevant innhald, samt anna innhald i. Her kjem sjølvsagt mindfulness inn og gjer nettopp det som trengst. -Mindfulness er ikkje-konseptuell prosessering -spesifikke diskrepansar i tilveret er ikkje i fokusDenne tilstanden/modusen kan kallast "BEING"
Vidare understrekar også desse forfattarane nytten av non-avoidance haldninga som mindfulness-modusen inneber. At ein godtar og identifiserar tidlege, ubehagelege signal som kan tyde på at ein relapse kan vere i annmarsj, slik at ein kan setje igang adaptive strategiar for å hindre ny depr episode på eit tidleg tidspunkt. Dette kan dreie seg om enkle grep, medan om ein brukar den meir relapse-relaterte unnvikande strategien og ventar til dei negative kjenslene har overhand, kan det vere for seint og ein må ty til antidepressiva.
Monday, October 03, 2005
Artikkelen tar for seg GAD, korleis mindfulness/aksept-baserte teknikkar kan vere verknadsfullt i behandling av GAD -generalized anxiety disorder (som er den av angstlidingane som har dårlegast psykoterapi-effekt).
Hovudkomponenten i GAD er bekymring "worry" (kom gjerne på innspel om de synest worry kan oversetjast med bekymring eller om eg bør bruke den engelske termen). Dei argumenterer for at Mindfulness / aksept bør integrerast i behandling, saman med eksisterande CBT (cognitive behavioral therapy).
Det har vist seg at WORRY er sterkt verbal-linguistisk, og lite visuell/imaginativ. Dette brukar dei som rasjonale for ei etterlysin av meir faktisk eksperientell erfaring i dagens behandling av GAD. DEtte kan vere eksponering eller evt mindfulness. ALtså at terapien ikkje berre foregår ved å endre tankar, at ein ikkje berre "overtalar" klienten, men lar han OPPLEVE saker og ting.
Det ENDRINGSbaserte fokuset som er i CBT kan ha begrensa bruksomrtådet, og faktisk verke negativt i terapi. Motsatsen til dette blir AKSEPTbasert fokus. Linehan brukar dynamikken mellom desse to motsetnadane i sin dialektiske terapiform. Aksept er ikkje eit nytt omggrep, Rogers var oppteken av det og det har vore ein karakteristikk av austlege filosofar i hundreår. Hayes seier at "much of human difficulty stems from attempts to control or diminish internal experiences". (dette er eit veldig godt sitat å bruke synest eg). Hayes definerer acceptance som " "..being "experientally open" to the reality of the present moment rather than being in a state of belief or disbelief (or judging what is fair or unfair)."har utvikla ACT (Acceptance & commitment therapy), som har som mål å 1) redusere strategiar som har til mål å unngå "private events"(tankar, kjensler, minner), 2) redusere klientens ordrette tolking av sine eigne tankar (altså heller "eg har ein tanke som seier eg er håplaus" heller enn berrre "eg er håplaus") og 3) (litt meir diffus) auke klienten si evne til å inngå og halde forpliktelsar til atferdsendring basert på sine eigne verdiar. Altså eit skifte bort frå å prøve å kontrollere "private events" i retning av atferdsendring som stammar frå individet verdiar.
Kva er det med Mindfulness/aksept som er terapeutisk?-"nonavoidance" - å ikkje unngå "private events" - dette stoppar ein ond spiral av worrying- komme bort frå det uheldige verbal-lingvistiske dominansen-flytte klientens fokus frå fryktskapande, hypotetiske, framtidige hendingar til her og no opplevinga av augneblunken. Jon Aarseth: "you can't push the river. It travels at its own speed".-fokus på ynskja atferd og val (istadenfor unngåelse av problem) = positiv kontroll av atferd
Det spørst om eg må ha med AKSEPTomgrepet i oppgåvetittelen/problemstillinga
jess. Dette er nyttig. Om eg greier å lese EIN artikkel annan-kvar dag og skrive referat så får eg bygd eit godt fundament til denne artikkelen relativt snart.
Friday, September 30, 2005
eg skreiv nettopp ein lang post i blogger og så plutselig forsvann den!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Heretter skriv eg alt i notepad/textpad og så kopierer det over. fysjom!
Trur ikkje eg gidd å skrive alt på nytt, men i korte trekk var det at eg har gått igjennom og set igjen m 13 meir eller mindre relevante artiklar som eg skal sjå nærare på, nokon veldig relevante. Eg har lest ein av Adrian Wells, som er professor II på instituttet vårt, og den var veldig interessant. Han brukar ein modell for emosjonelle forstyrringar som han har vore med på å utvikle, og forklarar med denne korleis mindfulness-baserte intervensjonar fungerer. Det meste ser bra ut, men eg er litt kritisk til noko av det han kjem med. Mellom anna advarer han mot bruk av mindfulness i det han kallar "object mode" prosessering. Då kan pasienten bli lurt til å tru at ein ikkje-eksisteranda (nonocurrent) katastrofe ikkje manifesterar seg pga mindfulness, når den i røyndommen ikkje hadde skjedd uansett. Dette er mi foreløpige tolking av det, men det er litt vanskeleg å forstå og dårleg forklart. Det han poengterer som eg er open og mindre kritisk til er at sjølvfokusert meditasjon kan auke ein pasient sitt sjølvmedvite (self-awareness), noko som ikkje er bra. Men det verkar litt som om Wells argumenterer mot mindfulness for å promotere sin eigen teori/behandlingsmetode: Attention training. Det må han forsåvidt ha lov til så sant han argumenterer godt, men eg er litt usikker på det som nemnt.
Sunday, September 25, 2005
Anyways, dagens tankar rundt oppgåva:
- Eg har ikkje funne noko psykodynamisk vinkling på mindfulness, det ser ut til å vere hovudsakleg vekse ut / integrert i kognitiv atferdsterapi. Kva ville psykodynaiske teoretikarar sagt om effekten? Korleis ville dei bruke det?
- hugs å skaffe meir originallitteratur frå Kabat-Zinn. Det er han som har heldt på lengst, og han har heilt sikkert ein teori bak funksjonen til programmet sitt. Kva teoretisk retning tilhøyrer han?
- Kva struktur skal eg nytte?
- Innleing/metode/resultater/diskusjon (IMRoD)
- eller ein bølgjeversjon av PL -modellen: situasjon-problem-løysing-evaluering
utføring av mindfulness hjelp til med å hindre tilbakefall gjennom auka "awareness"(korleis skal eg oversetje dette ordet?) av overlærte tankemønster som potensielt leider til tilbakefall og eksponering og desensitisering til triggerar, særleg negativ affekt. Dette er liksom alt i ei setning (direkte oversatt frå artikkelen).
Det handlar ein del om kognitive hukommelseseffektar (jamfør depdressive pasientar hugsar berre depressive minner - state-dependent memory). Når ein utfører mindfulness er ein meir var kva slags tankar som kjem og går i medvitet. Til dømes automatiske negative tankar. Ein ser ein negativ tanke, stopp den, observerer og aksepterer den og lar den forsvinne. Dette er ein måte å distansere seg medvitsinnhaldet på. Ein er ikkje lengre subjektet som har tanken og kjensla, ein er observatøren som ser tanken og kjensla utan å dømme. Som observatør er det enklare å gjere medvitne val i høve til atferdsmessig reaksjon på tankar/kjensler. (det er mogleg kjenslene er utehaldne frå infopro modellen, at eg legg dei til) Altså blir ein meir motstandsdyktig mot automatiske tankar som er impulsar til tilbakefall til stoff.
Baker, Morse % Sherman (1986) har ein infoproteori på stoffavhengighet og tilbakefall. Dei snakkar om at betinga motivasjonar er koda inn i eit hukommelsesnettverk med "propositional" informasion om stoff-relevant og affektive stimuli og responsar til desse stimulia. Vidare to "mutually" inhibitoriske "driftsystem": Eit pos affekt /forsterkn, samt eit m negativ affekt/negativ forstrrkn (bortfall av neg stimuli).
meir om dette seinare
Wednesday, September 21, 2005
Oppgåvetekst:
a. Finn et emne i tilknytning til et fag du studerer eller vil studere, og
som opptar deg. Beskriv emnet kort og formuler ett eller høyst to spørsmål
du søker svar på. Svar også på hvorfor du mener det er viktig å stille
dette/disse spørsmål(ene).
b. Hvorfor er emnet og spørsmålene interessante for andre, og hvem er
målgruppa for teksten?
c. Beskriv kort den fagkulturen denne teksten vil være en del av. Kan du
vise til en faglig arena eller et faglig tidsskrift der slike tekster kan
publiseres? Konsulter tidsskriftet og skisser kort hvilke krav det stiller
til teksten?
d. Hva er en problemstilling, hvorfor må enhver fagtekst ha en
problemstilling, og hvordan kan den formuleres? Hva er problemstillingene i
henholdsvis kapitlene 5 og 6 i Skrive for å lære?
e. Hva er problemstillingen i det emnet og den eventuelle teksten du
skisserer i punktene a og b?
Svar
A. Eg skal ta føre meg framveksten av ein ny type psykologiske
intervensjonsmodellar som har det til felles at dei byggjer på sentrale prinsipp
i tradisjonell Buddhistisk meditasjon. Dei fleste behandlingsformene byggjer
på prinsippet om ”Mindfulness”, eit omgrep som står sentralt i tradisjonell
buddhistisk meditasjontradisjon. Det omhandlar gjennomtrengjande ”awareness”
(medvit/tilstadeversle, vanskelig å oversetje) i augneblinken. Å bli
absorbert i kvart sekund som går, så ein gløymer seg sjølv og sine
emosjonelle turbulensar. Å leve i noet altså. Den operasjonelle definisjonen for omgrepet i klinisk psykologi er enno ikkje avklart, men ligg i nærleiken av ovanforståande. Omgrepet er trekt inn i den kliniske psykologien dei siste tjue åra i eit spekter av meditasjonsbaserte behandlingsopplegg for mellom anna stress, smerte, rusavhengighet (særskildt hindre tilbakefall), Ustabil emosjonell personlegdoms-forstyrring og depresjon.
Spørsmålet eg vil søkje å svare på er:
Korleis forklarast effekten av mindfulness-baserte intervensjonar teoretisk? Kva teoriar er forsøkt nytta og er desse forsøka fruktbare? Liknar forklaringane på kvarandre, eller er det stor skilnad mellom dei?
Spørsmåla melder seg når ein ser kor mange artiklar som publiserast i sentrale tidskrift innan klinisk psykologi, som omhandlar omgrep som ”mindfulness-based”, ”acceptance-based” og liknande terapiformer/behandlingsopplegg. Det interessante er at desse nye
terapiformene ofte sentrerer seg rundt vage, lite tydeleg operasjonelt definerte omgrep og prinsipp. Det ser ut til at ei meir spirituell, metaforisk, mjukare stemme er iferd med å etablere seg i den hittil veldig harde empirisk-rasjonelle kognitive atferdsterapien.
B. Emnet handlar om tendensen i klinisk terapiforsking akkurat no, og burde
difor vere aktuelt og interessant for alle som utøver eller er interessert i
psykoterapi. Særskildt dei med interesse for meditasjon. Målgruppa vil
vere nemnte populasjon, og eg vil skrive på eit fagleg nivå som fasiliterar
lesarar som har fullført eller er i gang med ei profesjonell klinisk psykologiutdanning. Eg vil aspirere til å skrive opp imot det faglege nivået dei opererer med i relevante internasjonale tidsskrift. Likevel vil det bli brukt meir plass på å forklare relevante omgrep for dei som er nye til mindfulness.
C. Artikkelen skrivast innanfor fagkulturen klinisk psykologi. Ein kan moglegvis innsnevre enda meir og leggje til innanfor tradisjonen kognitiv atferdsterapi. Eit veldig relevant tidsskrift er “Clinical Psychology: Science and Practice”. Oxford University Press gjev dette ut på vegne av American Psychological Association (APA), nærare bestemt Division 12 - Society of Clinical Psychology. For å få publisere må ein følgje ”Publication Manual of the American Psychological Association (5th ed.)”. I korte trekk må manuskript ha dobbel linjeavstand, samandrag (abstract) og utførlege kjeldehenvisingar/referanseliste.
D. Problemstilling er den guiden som artikkelen følgjer. For at denne skal
ha livets rett må den bidra til ny kunnskap, og ikkje berre gjenta det som
allereie er sagt i den aktuelle fagkulturen. Problemstillinga innsnevrar det området litteratur som er relevant for artikkelen, og tillèt altså at ein kan fordjupe seg meir i det som er relevant. Den fungerer som ein analytisk kniv som skiljer mellom det aktuelle og det uaktuelle og den plasserer forfattaren tydeleg i fagkulturen så han kan stø støtt i sine betraktningar. Ei tydeleg problemstilling er på den eine sida ikkje for omfattande, på den andre sida ei heller triviell eller uinteressant. Problemstillinga kan vere formulert som eit spørsmål eller eit utsegn. Ei eksplorerande problemstilling er meir open, og kan vere nyttig når ein kastar seg inn i nytt og relativt ukjend fagleg område.
E.
1) Korleis forklarar dagens kliniske psykologi effekten av mindfulness-baserte intervensjonar
2)Kvifor det kan vere terapeutisk å vere mindful: Nokre forfattarar sine forsøk på å forklare effekten av mindfulness-basert intervensjon.
I innleveringa vil eg halde meg til nr 2. Den smakar betre på tunga, samt at den begrensar den litt (eg har foreløpig berre funne nokre forfattarar som prøvar seg på å forklare teoretisk) Men tittelen er kanskje litt populistisk, eg veit ikkje? Litt kjekkas å byrje med "Kvifor det er terapeutisk å vere mindful:)
Anyways, det er opent for å spikke på formuleringane seinare. Finn gav meg god sparring på problemstilling idag, og eg kjenner meg trygg på at det kan bli interessant og artig å ta utgangspunkt i noko som liknar på ovanforståande. Han oppfordrar dessutan om å ha ein liten ambisjon om å få publisere den ferdige forskingsrapporten i eit relevant tidskrift, gjerne på nasjonalt plan. Det måtte i såfall bli Tidskrift for Norsk Psykologforening, noko som eg får ganske mykje ærefrykt av og ser på som ein longshot. Når det er sagt så er Mindfulness VELDIG rock n roll og trendy i internasjonal, klinisk psykologi for tida. Eg har lest enkelte forfattarar formulere seg som om det var snakk om paradigmeskifte innan kognitiv atferdsterapi. Eit søk på "mindfulness" i tittel i divisjon 12 (den mest relevante: Society of Clinical Psychology) av APA (American Psychological Association) sitt tidsskrift frå 1996-medio 2005, gjev ikkje mindre enn 15 treff! Og i Norsk psykologforening sitt tidsskrift er det meg kjend ikkje nemnt med eit ord så langt. Så kanskje?
Monday, September 05, 2005
Mi faglege hovudinteresse
Omgrepet mindfulness er eit friskt pust innanfor den ellers empiritunge og relativt firkanta manualbaserte terapiretninga Kognitiv Atferdsterapi. FAQen til nettstaden til the American Institute for cognitive therapy skriv dette:
Mindfulness training is a cognitive-behavioral approach that helps you become less overwhelmed by your thoughts and feelings and assists you in improving relaxation, awareness, appreciation, and the ability to take a detached perspective. Based on meditative practices that have proven to be highly effective in the treatment of depression, mindfulness training can enhance your ability to cope with everyday stress.
Eg kan foreløpig relativt lite om omgrepet, men det har murra i bakhjernen sidan eg i mars deltok på eit workshop om "the psychology of meditation" på EFPSA-kongressen i Madrid. Der tipsa ein av dei svenske representantane om at "mindfulness" kunne vere noko for meg, og at det var ganske "i vinden" hjå Søta Bror. Det er ei langvarig dragning mot austleg tenkemåte som gjer at eg er så begeistra for den retninga psykologien tar med mindfulness. I det siste har eg mellom anna hattt ein del foredrag med den store intellektuelle og spirituelle Alan Watts på mp3-spelaren min. Han snakkar og skriv interesant om psykoterapi i aust og vest.
Det biletet eg har på mindfulness er at det handlar om å gje "djupne" til tid. Ein kan sjå for seg at ein anspent og engsteleg person har eit voldsamt intenst og tynt fokus på bekymringar. Medvitet blir som ein vasslange som du pressar flat i opninga; tankane rasar forbi i full fart og utanfor personen sin kontroll. Vasstrålen blir vill og uforutsigbar. Augneblinken druknar i eit virvar av medvitsinnhald. Og alt surret gjer at ein misser kontakten med seg sjølv og omverda. Ein kjenner seg framand i verda og sin eigen kropp. Framandgjort. Det er grobotn for nevroser..
I den andre enden av kontinuumet, i den polen som vi altså kan kalle mindfulness, der er alt roleg og fint. I staden for rasande intense tankar er medvitet roleg og opent og absorberande. Augneblinken blir saturert av sansane som uforstyrra og ikkje-dømmande tar inn verda med all sin intensitet.
Oppgåva blir vel egentlig rett og slett ei intellektualisering av den klassiske klisjeen: Det handlar om å leve i noet...
