Friday, September 30, 2005
eg skreiv nettopp ein lang post i blogger og så plutselig forsvann den!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Heretter skriv eg alt i notepad/textpad og så kopierer det over. fysjom!
Trur ikkje eg gidd å skrive alt på nytt, men i korte trekk var det at eg har gått igjennom og set igjen m 13 meir eller mindre relevante artiklar som eg skal sjå nærare på, nokon veldig relevante. Eg har lest ein av Adrian Wells, som er professor II på instituttet vårt, og den var veldig interessant. Han brukar ein modell for emosjonelle forstyrringar som han har vore med på å utvikle, og forklarar med denne korleis mindfulness-baserte intervensjonar fungerer. Det meste ser bra ut, men eg er litt kritisk til noko av det han kjem med. Mellom anna advarer han mot bruk av mindfulness i det han kallar "object mode" prosessering. Då kan pasienten bli lurt til å tru at ein ikkje-eksisteranda (nonocurrent) katastrofe ikkje manifesterar seg pga mindfulness, når den i røyndommen ikkje hadde skjedd uansett. Dette er mi foreløpige tolking av det, men det er litt vanskeleg å forstå og dårleg forklart. Det han poengterer som eg er open og mindre kritisk til er at sjølvfokusert meditasjon kan auke ein pasient sitt sjølvmedvite (self-awareness), noko som ikkje er bra. Men det verkar litt som om Wells argumenterer mot mindfulness for å promotere sin eigen teori/behandlingsmetode: Attention training. Det må han forsåvidt ha lov til så sant han argumenterer godt, men eg er litt usikker på det som nemnt.
Sunday, September 25, 2005
Anyways, dagens tankar rundt oppgåva:
- Eg har ikkje funne noko psykodynamisk vinkling på mindfulness, det ser ut til å vere hovudsakleg vekse ut / integrert i kognitiv atferdsterapi. Kva ville psykodynaiske teoretikarar sagt om effekten? Korleis ville dei bruke det?
- hugs å skaffe meir originallitteratur frå Kabat-Zinn. Det er han som har heldt på lengst, og han har heilt sikkert ein teori bak funksjonen til programmet sitt. Kva teoretisk retning tilhøyrer han?
- Kva struktur skal eg nytte?
- Innleing/metode/resultater/diskusjon (IMRoD)
- eller ein bølgjeversjon av PL -modellen: situasjon-problem-løysing-evaluering
utføring av mindfulness hjelp til med å hindre tilbakefall gjennom auka "awareness"(korleis skal eg oversetje dette ordet?) av overlærte tankemønster som potensielt leider til tilbakefall og eksponering og desensitisering til triggerar, særleg negativ affekt. Dette er liksom alt i ei setning (direkte oversatt frå artikkelen).
Det handlar ein del om kognitive hukommelseseffektar (jamfør depdressive pasientar hugsar berre depressive minner - state-dependent memory). Når ein utfører mindfulness er ein meir var kva slags tankar som kjem og går i medvitet. Til dømes automatiske negative tankar. Ein ser ein negativ tanke, stopp den, observerer og aksepterer den og lar den forsvinne. Dette er ein måte å distansere seg medvitsinnhaldet på. Ein er ikkje lengre subjektet som har tanken og kjensla, ein er observatøren som ser tanken og kjensla utan å dømme. Som observatør er det enklare å gjere medvitne val i høve til atferdsmessig reaksjon på tankar/kjensler. (det er mogleg kjenslene er utehaldne frå infopro modellen, at eg legg dei til) Altså blir ein meir motstandsdyktig mot automatiske tankar som er impulsar til tilbakefall til stoff.
Baker, Morse % Sherman (1986) har ein infoproteori på stoffavhengighet og tilbakefall. Dei snakkar om at betinga motivasjonar er koda inn i eit hukommelsesnettverk med "propositional" informasion om stoff-relevant og affektive stimuli og responsar til desse stimulia. Vidare to "mutually" inhibitoriske "driftsystem": Eit pos affekt /forsterkn, samt eit m negativ affekt/negativ forstrrkn (bortfall av neg stimuli).
meir om dette seinare
Wednesday, September 21, 2005
Oppgåvetekst:
a. Finn et emne i tilknytning til et fag du studerer eller vil studere, og
som opptar deg. Beskriv emnet kort og formuler ett eller høyst to spørsmål
du søker svar på. Svar også på hvorfor du mener det er viktig å stille
dette/disse spørsmål(ene).
b. Hvorfor er emnet og spørsmålene interessante for andre, og hvem er
målgruppa for teksten?
c. Beskriv kort den fagkulturen denne teksten vil være en del av. Kan du
vise til en faglig arena eller et faglig tidsskrift der slike tekster kan
publiseres? Konsulter tidsskriftet og skisser kort hvilke krav det stiller
til teksten?
d. Hva er en problemstilling, hvorfor må enhver fagtekst ha en
problemstilling, og hvordan kan den formuleres? Hva er problemstillingene i
henholdsvis kapitlene 5 og 6 i Skrive for å lære?
e. Hva er problemstillingen i det emnet og den eventuelle teksten du
skisserer i punktene a og b?
Svar
A. Eg skal ta føre meg framveksten av ein ny type psykologiske
intervensjonsmodellar som har det til felles at dei byggjer på sentrale prinsipp
i tradisjonell Buddhistisk meditasjon. Dei fleste behandlingsformene byggjer
på prinsippet om ”Mindfulness”, eit omgrep som står sentralt i tradisjonell
buddhistisk meditasjontradisjon. Det omhandlar gjennomtrengjande ”awareness”
(medvit/tilstadeversle, vanskelig å oversetje) i augneblinken. Å bli
absorbert i kvart sekund som går, så ein gløymer seg sjølv og sine
emosjonelle turbulensar. Å leve i noet altså. Den operasjonelle definisjonen for omgrepet i klinisk psykologi er enno ikkje avklart, men ligg i nærleiken av ovanforståande. Omgrepet er trekt inn i den kliniske psykologien dei siste tjue åra i eit spekter av meditasjonsbaserte behandlingsopplegg for mellom anna stress, smerte, rusavhengighet (særskildt hindre tilbakefall), Ustabil emosjonell personlegdoms-forstyrring og depresjon.
Spørsmålet eg vil søkje å svare på er:
Korleis forklarast effekten av mindfulness-baserte intervensjonar teoretisk? Kva teoriar er forsøkt nytta og er desse forsøka fruktbare? Liknar forklaringane på kvarandre, eller er det stor skilnad mellom dei?
Spørsmåla melder seg når ein ser kor mange artiklar som publiserast i sentrale tidskrift innan klinisk psykologi, som omhandlar omgrep som ”mindfulness-based”, ”acceptance-based” og liknande terapiformer/behandlingsopplegg. Det interessante er at desse nye
terapiformene ofte sentrerer seg rundt vage, lite tydeleg operasjonelt definerte omgrep og prinsipp. Det ser ut til at ei meir spirituell, metaforisk, mjukare stemme er iferd med å etablere seg i den hittil veldig harde empirisk-rasjonelle kognitive atferdsterapien.
B. Emnet handlar om tendensen i klinisk terapiforsking akkurat no, og burde
difor vere aktuelt og interessant for alle som utøver eller er interessert i
psykoterapi. Særskildt dei med interesse for meditasjon. Målgruppa vil
vere nemnte populasjon, og eg vil skrive på eit fagleg nivå som fasiliterar
lesarar som har fullført eller er i gang med ei profesjonell klinisk psykologiutdanning. Eg vil aspirere til å skrive opp imot det faglege nivået dei opererer med i relevante internasjonale tidsskrift. Likevel vil det bli brukt meir plass på å forklare relevante omgrep for dei som er nye til mindfulness.
C. Artikkelen skrivast innanfor fagkulturen klinisk psykologi. Ein kan moglegvis innsnevre enda meir og leggje til innanfor tradisjonen kognitiv atferdsterapi. Eit veldig relevant tidsskrift er “Clinical Psychology: Science and Practice”. Oxford University Press gjev dette ut på vegne av American Psychological Association (APA), nærare bestemt Division 12 - Society of Clinical Psychology. For å få publisere må ein følgje ”Publication Manual of the American Psychological Association (5th ed.)”. I korte trekk må manuskript ha dobbel linjeavstand, samandrag (abstract) og utførlege kjeldehenvisingar/referanseliste.
D. Problemstilling er den guiden som artikkelen følgjer. For at denne skal
ha livets rett må den bidra til ny kunnskap, og ikkje berre gjenta det som
allereie er sagt i den aktuelle fagkulturen. Problemstillinga innsnevrar det området litteratur som er relevant for artikkelen, og tillèt altså at ein kan fordjupe seg meir i det som er relevant. Den fungerer som ein analytisk kniv som skiljer mellom det aktuelle og det uaktuelle og den plasserer forfattaren tydeleg i fagkulturen så han kan stø støtt i sine betraktningar. Ei tydeleg problemstilling er på den eine sida ikkje for omfattande, på den andre sida ei heller triviell eller uinteressant. Problemstillinga kan vere formulert som eit spørsmål eller eit utsegn. Ei eksplorerande problemstilling er meir open, og kan vere nyttig når ein kastar seg inn i nytt og relativt ukjend fagleg område.
E.
1) Korleis forklarar dagens kliniske psykologi effekten av mindfulness-baserte intervensjonar
2)Kvifor det kan vere terapeutisk å vere mindful: Nokre forfattarar sine forsøk på å forklare effekten av mindfulness-basert intervensjon.
I innleveringa vil eg halde meg til nr 2. Den smakar betre på tunga, samt at den begrensar den litt (eg har foreløpig berre funne nokre forfattarar som prøvar seg på å forklare teoretisk) Men tittelen er kanskje litt populistisk, eg veit ikkje? Litt kjekkas å byrje med "Kvifor det er terapeutisk å vere mindful:)
Anyways, det er opent for å spikke på formuleringane seinare. Finn gav meg god sparring på problemstilling idag, og eg kjenner meg trygg på at det kan bli interessant og artig å ta utgangspunkt i noko som liknar på ovanforståande. Han oppfordrar dessutan om å ha ein liten ambisjon om å få publisere den ferdige forskingsrapporten i eit relevant tidskrift, gjerne på nasjonalt plan. Det måtte i såfall bli Tidskrift for Norsk Psykologforening, noko som eg får ganske mykje ærefrykt av og ser på som ein longshot. Når det er sagt så er Mindfulness VELDIG rock n roll og trendy i internasjonal, klinisk psykologi for tida. Eg har lest enkelte forfattarar formulere seg som om det var snakk om paradigmeskifte innan kognitiv atferdsterapi. Eit søk på "mindfulness" i tittel i divisjon 12 (den mest relevante: Society of Clinical Psychology) av APA (American Psychological Association) sitt tidsskrift frå 1996-medio 2005, gjev ikkje mindre enn 15 treff! Og i Norsk psykologforening sitt tidsskrift er det meg kjend ikkje nemnt med eit ord så langt. Så kanskje?
Monday, September 05, 2005
Mi faglege hovudinteresse
Omgrepet mindfulness er eit friskt pust innanfor den ellers empiritunge og relativt firkanta manualbaserte terapiretninga Kognitiv Atferdsterapi. FAQen til nettstaden til the American Institute for cognitive therapy skriv dette:
Mindfulness training is a cognitive-behavioral approach that helps you become less overwhelmed by your thoughts and feelings and assists you in improving relaxation, awareness, appreciation, and the ability to take a detached perspective. Based on meditative practices that have proven to be highly effective in the treatment of depression, mindfulness training can enhance your ability to cope with everyday stress.
Eg kan foreløpig relativt lite om omgrepet, men det har murra i bakhjernen sidan eg i mars deltok på eit workshop om "the psychology of meditation" på EFPSA-kongressen i Madrid. Der tipsa ein av dei svenske representantane om at "mindfulness" kunne vere noko for meg, og at det var ganske "i vinden" hjå Søta Bror. Det er ei langvarig dragning mot austleg tenkemåte som gjer at eg er så begeistra for den retninga psykologien tar med mindfulness. I det siste har eg mellom anna hattt ein del foredrag med den store intellektuelle og spirituelle Alan Watts på mp3-spelaren min. Han snakkar og skriv interesant om psykoterapi i aust og vest.
Det biletet eg har på mindfulness er at det handlar om å gje "djupne" til tid. Ein kan sjå for seg at ein anspent og engsteleg person har eit voldsamt intenst og tynt fokus på bekymringar. Medvitet blir som ein vasslange som du pressar flat i opninga; tankane rasar forbi i full fart og utanfor personen sin kontroll. Vasstrålen blir vill og uforutsigbar. Augneblinken druknar i eit virvar av medvitsinnhald. Og alt surret gjer at ein misser kontakten med seg sjølv og omverda. Ein kjenner seg framand i verda og sin eigen kropp. Framandgjort. Det er grobotn for nevroser..
I den andre enden av kontinuumet, i den polen som vi altså kan kalle mindfulness, der er alt roleg og fint. I staden for rasande intense tankar er medvitet roleg og opent og absorberande. Augneblinken blir saturert av sansane som uforstyrra og ikkje-dømmande tar inn verda med all sin intensitet.
Oppgåva blir vel egentlig rett og slett ei intellektualisering av den klassiske klisjeen: Det handlar om å leve i noet...
