Wednesday, November 23, 2005

Då er første versjonen av artikkelen ferdigstilt, frøet til ein knallbra forskingsrapport som forhåpentlegvis skal blomster på nyåret ein gong. Er du interessert i å lese den, ta kontakt på jardarALFAKRØLLknattDOTTcom
Då er første versjonen av artikkelen ferdigstilt, frøet til ein knallbra forskingsrapport som forhåpentlegvis skal blomster på nyåret ein gong. Er du interessert i å lese den, ta kontakt på jardarALFAKRØLLknattDOTTcom
Oversikt over forsking frå Kabat-Zinn sin klinikk:

http://www.umassmed.edu/cfm/bibliography/index2.cfm

Tuesday, November 15, 2005

Innleveringsoppgåve 4

Vurdering av loggskriving som fagleg praksis.

Kva har eg fått ut av dette? / Kva verdi har ein slik arbeidspraksis?

Først og fremst har loggen fungert som eit arkiv for mine private notat og tankar. Eg får veldig mange forskjellige tankar og idear innan mange felt i løpet av ein dag. Om eg ikkje fastnar dei til noko varig så har dei ein tendens til å forsvinne. Bloggen har så å seie vore biletealbum der tankane mine er utstilt slik dei har vore på ulike dagar. Det har vore særskildt nyttig å lese ein artikkel og så skrive det eg hugsar på bloggen rett etterpå. Så slepp eg å lese heile artikkelen på nytt når eg skal bruke den som kjelde i sjølve den faglege teksten min. Eg har dessutan enkelt kunne referere til ei nettside overfor folk som er interessert, og så kan dei som vi lsetje seg inn i arbeidet mitt og komme med kommentarar.

Kva kunne eg gjort annleis?

Meir kontinuitet hadde vore betre. Om eg hadde hatt meir tid til artikkelen, så kunne eg lagt inn minst ein post kvar dag. Då ville eg heldt meg meir ”inne i” arbeidet til ei kvar tid. No vart det litt inn og ut og skippertak.

Paradigme og fagkultur

Hva vil du trekke fram som kjennetegn på en ”fagkultur”, og hva mener Kuhn med ”paradigme”? På hvilke måter har disse to begrepene noe til felles?

Fagkultur
Fagkultur er det vitskaplege fellesskapet som ein vitskapsmann/kvinne er ein del av. Dette fellesskapet er kjenneteikna av felles oppfatningar som legg føringar for korleis det vitskaplege arbeidet skal foregå. To svært sentrale felles oppfatningar som ein fagkultur deler er faget sin ontologi og epistemologi. Det vil seie KVA ein skal studere (studieobjekta) og KORLEIS ein tilegnar seg ny kunnskap. I klinisk psykologi er dei fleste fagfolk einige om at studieobjekta er menneskelege tankar, kjensler og atferd, og gullstandarden når det gjeld tilegning av kunnskap er randomiserte kontrollerte studier.
Fagkulturen vil dessutan ha ei fellesoppfatning av kva problemstillingar som er relevante å undersøkje, kva hypoteser det er fornuftig å teste. ”Korleis kan ein endre kjøpeatferden til unge menn” kan vere ei relevant problemstilling i marknadsføringspsykologi eller sosialpsykologi, men den vil vere relativt uinteressant for kliniske psykologar. ”Deprimerte middeladrende kvinner responderer betre på kognitiv atferdsterapi enn på psykoanalytisk terapi” vil vere ei svært interessant hypotese i klinisk psykologi, men ikkje i t.d. sportspsykologi. Ein kan kanskje seie at ein fagkultur byggjast rundt felles interesse.

Paradigme
Kuhn snakkar om ”allment anerkjente vitenskaplige prestasjoner” som sentrale når han definerer sitt paradigmeomgrep. Desse prestasjonane fungerar i ein periode som modellar for problem og løysingar innanfor eit forskingsfellesskap. For meg ser dette forskingsfellesskapet ut til å likne ganske mykje på omgrepet ”fagkultur”. Så her er ein mogleg link mellom fagkultur og paradigme. Ein måte å tolke Kuhn på er at Paradigmet definerast av dei vitskaplege prestasjonane, som etter kvart innarbeidast i ein fagkultur og blir til allmenne oppfatningar som forskingsfellesskapet har til felles. Altså at paradigmet utløysast av vitskaplege prestasjonar, at i etableringsfasen av eit nytt paradigme er desse veldig sentrale modellar for korleis forskinga skal foregå, men etter kvart som paradigme stabiliserer seg vil dei vitskaplege prestasjonane komme meir i bakgrunnen, fordi dei felles oppfatningane som har blitt avleda av desse no er blitt innarbeida i forskingsfellesskapet eller fagkulturen.

Tuesday, November 08, 2005

da har eg skreve om K-Z

smerte og meditasjon

ser ut til at den kan vere den første så kjem, så det blir ein viss kronologisk rekkefølgje av det.

Då er det vel strengt talt berre diskusjon eg manglar- Og finpuss. EVt omskriving
Vegen vidare

No har eg ei relativ okei innleiing som nesten er ferdig. Vidare har eg Ei utgreiing av MBCT som er god. GAD-behandlingsutgreiinga er ikkje så god. Den er vanskeleg å forstå, og eg trur det er litt fordi eg sjølv synest dei er vanskelege å forstå. Men avsnittet fungerer forsåvidt..

Kva meir skal eg ha med?

Hayes med sin ACT? Linehan med sin dialektiske terapi? Kva med Kabat-Zinn som er sjølve gudfaren her? Har eg godt nok stoff på hans teoretiske fundament?