Innleveringsoppgåve 4
Vurdering av loggskriving som fagleg praksis.
Kva har eg fått ut av dette? / Kva verdi har ein slik arbeidspraksis?
Først og fremst har loggen fungert som eit arkiv for mine private notat og tankar. Eg får veldig mange forskjellige tankar og idear innan mange felt i løpet av ein dag. Om eg ikkje fastnar dei til noko varig så har dei ein tendens til å forsvinne. Bloggen har så å seie vore biletealbum der tankane mine er utstilt slik dei har vore på ulike dagar. Det har vore særskildt nyttig å lese ein artikkel og så skrive det eg hugsar på bloggen rett etterpå. Så slepp eg å lese heile artikkelen på nytt når eg skal bruke den som kjelde i sjølve den faglege teksten min. Eg har dessutan enkelt kunne referere til ei nettside overfor folk som er interessert, og så kan dei som vi lsetje seg inn i arbeidet mitt og komme med kommentarar.
Kva kunne eg gjort annleis?
Meir kontinuitet hadde vore betre. Om eg hadde hatt meir tid til artikkelen, så kunne eg lagt inn minst ein post kvar dag. Då ville eg heldt meg meir ”inne i” arbeidet til ei kvar tid. No vart det litt inn og ut og skippertak.
Paradigme og fagkultur
Hva vil du trekke fram som kjennetegn på en ”fagkultur”, og hva mener Kuhn med ”paradigme”? På hvilke måter har disse to begrepene noe til felles?
Fagkultur
Fagkultur er det vitskaplege fellesskapet som ein vitskapsmann/kvinne er ein del av. Dette fellesskapet er kjenneteikna av felles oppfatningar som legg føringar for korleis det vitskaplege arbeidet skal foregå. To svært sentrale felles oppfatningar som ein fagkultur deler er faget sin ontologi og epistemologi. Det vil seie KVA ein skal studere (studieobjekta) og KORLEIS ein tilegnar seg ny kunnskap. I klinisk psykologi er dei fleste fagfolk einige om at studieobjekta er menneskelege tankar, kjensler og atferd, og gullstandarden når det gjeld tilegning av kunnskap er randomiserte kontrollerte studier.
Fagkulturen vil dessutan ha ei fellesoppfatning av kva problemstillingar som er relevante å undersøkje, kva hypoteser det er fornuftig å teste. ”Korleis kan ein endre kjøpeatferden til unge menn” kan vere ei relevant problemstilling i marknadsføringspsykologi eller sosialpsykologi, men den vil vere relativt uinteressant for kliniske psykologar. ”Deprimerte middeladrende kvinner responderer betre på kognitiv atferdsterapi enn på psykoanalytisk terapi” vil vere ei svært interessant hypotese i klinisk psykologi, men ikkje i t.d. sportspsykologi. Ein kan kanskje seie at ein fagkultur byggjast rundt felles interesse.
Paradigme
Kuhn snakkar om ”allment anerkjente vitenskaplige prestasjoner” som sentrale når han definerer sitt paradigmeomgrep. Desse prestasjonane fungerar i ein periode som modellar for problem og løysingar innanfor eit forskingsfellesskap. For meg ser dette forskingsfellesskapet ut til å likne ganske mykje på omgrepet ”fagkultur”. Så her er ein mogleg link mellom fagkultur og paradigme. Ein måte å tolke Kuhn på er at Paradigmet definerast av dei vitskaplege prestasjonane, som etter kvart innarbeidast i ein fagkultur og blir til allmenne oppfatningar som forskingsfellesskapet har til felles. Altså at paradigmet utløysast av vitskaplege prestasjonar, at i etableringsfasen av eit nytt paradigme er desse veldig sentrale modellar for korleis forskinga skal foregå, men etter kvart som paradigme stabiliserer seg vil dei vitskaplege prestasjonane komme meir i bakgrunnen, fordi dei felles oppfatningane som har blitt avleda av desse no er blitt innarbeida i forskingsfellesskapet eller fagkulturen.
2 comments:
Eg har det med å bli entusiastisk og ein del gongar greier eg å smitte dette over på andre. Då er det greit å ha ein bloggg å henvise til, så eg slepp å ta alt ansikt til ansikt (då kjem eg meg aldri til og frå kantina i lunsjen..) Eg har ein psykologkompis Sverige som har kika på og sendt meg artiklar på mail, og så har eg ein del studiekollegaer som har vore inne og sett. Slik eg ser det så handlar det om å så frø av interesse. På eit seinare tidspunkt blir det eg har gjort plutselig kjemperelevant for ein annan. Det skjer ofte at folk kjem og spør meg "var ikkje det du som var så oppteken av søvn?". JO det stemmer og så snakkar vi litt om det. No har eg ganske mykje kunnskap samla på ein stad, og når folk blir interessert kan dei komme med innspel. Veiledaren min er og inne og les.
Takk, det var kjekt å høyre! Eg ser ikkje bort ifrå at det blir meir vitskapleg skriving på meg etterkvart!
Post a Comment