Monday, September 05, 2005

Denne webloggen skal vere eit fagleg verkty i HFEL0002. Det ser ut til å kunne bli interesant. Vi skal lese Kuhn, samt bøker om fagleg skriving. Målet er å kunne finne litt meir ut av kva fagkultur ein er/vil bli ein del av, samt kva "usynleg kunnskap" som er naudsynt for å kunne bli godteken som fagleg skribent innanfor denne. Sluttresultatet / eksamen er ein fagleg teskst, og til mi store glede er det greit at eg tar for meg ein teoretisk forskingsrapport som eg er nødd til å skrive i eit anna fag. Eg trur det blir "mindfulness" som blir stikkordet for min rapport.


Mi faglege hovudinteresse
Omgrepet mindfulness er eit friskt pust innanfor den ellers empiritunge og relativt firkanta manualbaserte terapiretninga Kognitiv Atferdsterapi. FAQen til nettstaden til the American Institute for cognitive therapy skriv dette:

Mindfulness training is a cognitive-behavioral approach that helps you become less overwhelmed by your thoughts and feelings and assists you in improving relaxation, awareness, appreciation, and the ability to take a detached perspective. Based on meditative practices that have proven to be highly effective in the treatment of depression, mindfulness training can enhance your ability to cope with everyday stress.

Eg kan foreløpig relativt lite om omgrepet, men det har murra i bakhjernen sidan eg i mars deltok på eit workshop om "the psychology of meditation" på EFPSA-kongressen i Madrid. Der tipsa ein av dei svenske representantane om at "mindfulness" kunne vere noko for meg, og at det var ganske "i vinden" hjå Søta Bror. Det er ei langvarig dragning mot austleg tenkemåte som gjer at eg er så begeistra for den retninga psykologien tar med mindfulness. I det siste har eg mellom anna hattt ein del foredrag med den store intellektuelle og spirituelle Alan Watts på mp3-spelaren min. Han snakkar og skriv interesant om psykoterapi i aust og vest.

Det biletet eg har på mindfulness er at det handlar om å gje "djupne" til tid. Ein kan sjå for seg at ein anspent og engsteleg person har eit voldsamt intenst og tynt fokus på bekymringar. Medvitet blir som ein vasslange som du pressar flat i opninga; tankane rasar forbi i full fart og utanfor personen sin kontroll. Vasstrålen blir vill og uforutsigbar. Augneblinken druknar i eit virvar av medvitsinnhald. Og alt surret gjer at ein misser kontakten med seg sjølv og omverda. Ein kjenner seg framand i verda og sin eigen kropp. Framandgjort. Det er grobotn for nevroser..

I den andre enden av kontinuumet, i den polen som vi altså kan kalle mindfulness, der er alt roleg og fint. I staden for rasande intense tankar er medvitet roleg og opent og absorberande. Augneblinken blir saturert av sansane som uforstyrra og ikkje-dømmande tar inn verda med all sin intensitet.

Oppgåva blir vel egentlig rett og slett ei intellektualisering av den klassiske klisjeen: Det handlar om å leve i noet...

No comments: