Thursday, October 06, 2005

Berre nokre småopplysningar først: Eit søk på "mindfulness meditation" på pubmed gjev heile 112 svar. Og 14 på review. Og eg noterer at funna er frå heile spekteret av journalar, frå fagfelt som nevrobiologi til aletrnativ medisin. Kabat-Zinn dessutan to artiklar i "General Hospital Psychiatry". Når det gjeld teordanninga har eg likevel kjensla av at Clinical Psychology: Science and Practice er den mest relevante. Dei andre artiklande ser ut til å vere kliniske studier for å måle effekten av mindfulness. Men så til artikkelen:

Jon Kabat-Zinn(1982): An outpatient program in behavioral medicine for chronic pain patients based on the practice of mindfulness meditation: Theoretical considerations and preliminary results

Denne artikkelen ser ut til å vere ein av dei første artiklane på mindfulness som behandlingsmetode, og det er veldig mange som brukar han som referanse. Det som er mest interessant for meg er den gode gjennomgangen han har av mindfulness meditation (han har ein eigen seksjon som veldig konsentrert men tydeleg og oversiktleg tar for seg opphav/historie, samt hovudtrekka i metoden. Veldig mykje bra her til ei generell forklaring av mindfulness i innleiinga i min artikkel. Han byrjar med meditasjon generelt og definerer dette som: "the intentional selfregulation of attention from moment to moment [modified from Goleman and Schwartz, (5)]." Vidare seier han at "It is neither contemplation nor rumination, as in thinking about a conceptual theme." Dette med konseptuell tenking kjenner eg igjen hjå TEasdale, som brukar det som eit av kjenneteikna på den "drøvtyggjande" grublinga som kjenneteiknar depresjon/tankemodus som kan føre til relapse. Vidare deler han inn i to hovudtypar:

  1. Konsentrasjonsmeditasjon
  2. Mindfulness meditasjon (denne blir også omtala som "awareness" meditation, men i ein fotnote presiserer han at praktisering av mindfulness ideelt set fører til større "awareness")

Eg reknar med at dette er samme inndeling som Turid namgjer som fortengjande/ikkje-fortrengjande meditasjonsteknikkar.

K-Z seier vidare at Mindfulness meditasjon forutsetter konsentrasjon for å opprethalde stødig merksemd (steady attention). Dette overraska meg litt når eg las det, for det høyrest jo ut som om det er konsentrasjonsmeditasjon det då er snakk om. Men så klargjer han: Det er ikkje snakk om konsentrasjon på eit objekt, men "detached" observasjon, frå eit augneblunk til det neste, av det konstant endrande objektfeltet. Dette oppnår ein ved først å fokusere på eit primært objekt (som regel pusten) til merksemda er relativt stabil; deretter tillet ein medvitets objektfelt å utvide seg gradvis til å inkludere, i ytterste innstans, alle fysiske og mentale hendingar - kroppslege sensasjonar, tankar, minner, kjensler, persepsjonar, intuisjonar, fantasiar - akkurat slik dei hender i tida. Altså ein konsentrasjon om akkurat no, som ikkje klistrar seg fast til opplevingane, men lar dei flyte fritt som dei vil. (Eg meinar å ha lest i BAer sin review-artikkel at Linehan brukar ein "conveyorbelt" (er ikkje det samleband?)-metafor som visualisering av dette. Altså at den mediterande skal sjå for seg at dei mentale hendingane kjem på eit samleband bortover og forsvinn gradvis ut av syne utan at vi kan kontrollere det. Ein annan metafor eg har lest er ein marsjerande armé, der tankane står skreve på lappar på ryggen til den soldaten som går forbi. Dei kjem og går utanfor vår kontroll.

"Detached" er måten ein skal praktisere merksemda på, og i ein fotnote karakteriserer K-Z dette omgrepet med intensjonelt å unngå dømming og tolking, eller evt å vere klar over (be aware) dømming, tolking og kategorisering når dette førekjem. Dette, understrekar han, er ikkje mangel på empati eller patologisk tilbaketrekning. At han har med siste kommentar er litt interessant, for det er første gong eg ser at ein forfattar har kjent behovet for å understreke dette. Eg kan tenke meg at dette er fordi dette var ein av dei første artiklane på mindfulness, og at etterkvart som aksepten har vekse, så har denne føresetnaden sklidd inn og blitt ein del av fellesoppfatninga i fagkulturen.

No comments: