Tuesday, October 04, 2005

Dagens artikkel har eg lest i den mykje forventa boka som endeleg kom på biblioteket: "Mindfulness and Acceptance - expanding the cognitive-behavioral tradition" som er ei samling tekstar frå ulike fagpersonar, og redigert av særs anerkjende atferdsterapeutiske forskarar (møtte nokken frå kull16 i gangen og dei hadde hatt masse om Linehan på forelesning idag). Kapittelet eg har lest heiter "Mindfulness-based Cognitive Therapy - Theoretical Rationale and Empirical Status". Forfattarane er Segal, Teasdale og Williams. MBCT er ei behandlingsform som vart utvikla for, og foreløpig forsking avgrensar seg til tilbakefall av depresjon (der ein per dags dato omtrent berre har parmakologisk alternativ med 40% non-compliance). Altså profylaktisk behandling (preventiv).

I introen argumenterer dei for at atferdsterapien har gått igjennom to fasar (1. når læriongspsykologien slo igjennom med fokus på læringsprinsipp, 2. Når den kognitive revolusjonen kom og alt vart kognitivt), og at den no er iferd med å gli over i den tredje, som kjenneteiknast ved integrering av element som dialektisk filosofi, mindfulness, aksept, relationship & spiritualitet. Til sist i kapittelet skriv dei dessutan at det ser ut til at den nye bølgja karakteriserast av at den som tidlegare atferdsterapi er grunnfesta i eksperimentell/empirisk psykologi, men at den har eit fokus på non-language strategiar.

Det interessante er at MBCT ser ut til å ha blitt utvikla på grunnlag av eit behov som ein fann i teoretisk gjennomgang av CBT. Altså det er ein teoribasert behandlingsmodell. Forfattarane fann eit behov for behandling som førte til "desentrering" (meir om dette seinare), og såg mot Kabat-Zinn sitt mindfulness omgrep til hjelp. Etter å ha oppsøkt Kabat-Zinn og vore med på og gått inn i samarbeid med han; utarbeida dei sin modell.

Dei har ein modell for kognitiv sårbarhet overfor tilbakefall (relapse) i depresjon som går ut på at pasientar som har hatt ein major depr episode vil ha utvikla repeterte assosiasjonar mellom dårleg humør og negative, sjølvkritiske og håplause tenkemønster som fører til både kognitive og nevrale endringar som gjer dei annleis enn folk som ikkje har hatt major depr episode. Når dei blir utsatt for ein periode med dårleg humør/trist stemning, så vil dei som tidlegare ha hatt MD episode ha ein tendens til å falle inn i sjølv-opprethaldande og eskalerande "drøvtyggjande"/grublande tankemodusar, som lett fører dei inn i ein ny stor depressiv episode. Det er altså det som skjer når ein blir utsatt for normal nedsving i humør som er kritisk. Her skjer det saker og ting hjå dei med kogn sårbarhet overfor relapse, som fører dei nedover i depresjonen.

Kva er så naturen til desse tankemønstera som så lett blir reetablert? Jo, det er snakk om både derpresjonsrelatert INNHALD, og PROSESS. Tradisjonell CBT har som mål å endre innhaldet. Forfattarane meinar at CBT hindrar relapse ved at ein endrar forholdet pasientan har til sine depressive tankar og kjensler; dei etablerer eit meir "desentrert" forhold. Dette er og ein nøkkelkomponent i mindfulness, og godt illustrert med eit sitat frå minfulness-gudfar Kabat-Zinn: "It is remarkable how liberating it feels to be able to see that your thoughts are just thoughts and not "you" or "reality". ...The simple act of recognizing your thoughts as thoughts can free you from the distorted reality they often create and allow for more clear-sightedness and a greater sense of manageability in your life" (Kabat-Zinn, 1990, 69-70)

Når det gjeld PROSESS, så er det slik meinar dei at relapse-orientert drpøvtyggjande prosesseringsmodus av depresjonsrelatert innhald er karakterisert av eit KONSEPTUELT FOKUSNIVÅ ("thinking about"). Dette konseptuelle fokuset er retta mot diskrepansen mellom noverande og ynskja tilstand hjå seg sjølv og verda. Vidare har denne modusen som mål å identifisere handlingar som kan redusere denne diskrepansen. Denne prosesseringsmodusen kan ein kalle for "DOING".

Denne kognitive modusen er uheldig, og det er difor attraktivt å finne alternative modusar for pasientane å vere i og å prosessere depresjonsrelevant innhald, samt anna innhald i. Her kjem sjølvsagt mindfulness inn og gjer nettopp det som trengst. -Mindfulness er ikkje-konseptuell prosessering -spesifikke diskrepansar i tilveret er ikkje i fokusDenne tilstanden/modusen kan kallast "BEING"

Vidare understrekar også desse forfattarane nytten av non-avoidance haldninga som mindfulness-modusen inneber. At ein godtar og identifiserar tidlege, ubehagelege signal som kan tyde på at ein relapse kan vere i annmarsj, slik at ein kan setje igang adaptive strategiar for å hindre ny depr episode på eit tidleg tidspunkt. Dette kan dreie seg om enkle grep, medan om ein brukar den meir relapse-relaterte unnvikande strategien og ventar til dei negative kjenslene har overhand, kan det vere for seint og ein må ty til antidepressiva.

No comments: